Sjakkleir-BGP  28.6.15
Sigve Hølleland (Ung) Masfjorden, Torbjørn K. Hystad (kad) Søråshøgda, Henrik Iversen (Lil) Søråshøgda, Bastian N. Magnussen (Min) Fana og Jonas B. Nilsen (Mik) Søråshøgda sigra i sine klasser på Sjakkleir-BGPpå Nordbygda skule.
 
SJAKKLEIR
25. - 28. juni 2015
Mange gode tilbakemeldingar etter sjakkleiren på Nordbygda skule, på programmet var det stort sett sjakk, anna leik/aktivitetar, måltider og soving. Leiren vart avslutta med BGP-turnering søndag 28. juni.

Masfjorden BGP 3   31.5.15
Masfjorden SKU arrangerte turnering for barn og unge. Dei 17 som fann vegen til gymsalen på Sandnes skule koste seg med sjakk, pizza og brus. Du finn resultatlister via lenka over.

NM for Jenter og Masfjorden GP 13.-15.2.15
Masfjorden SKU og Nordhordland Sjakk arrangerte NM for jenter 2015, samtidig arrangerte me GP-turnering - i tillegg var det 2 x BGP. Resultatlister og bilder: "NMJ, GP, BGP 2015".

BGP/UGP 2015
Den første BGP/UGP-turneringa i vårt nærområde vart på Søråshøgda onsdag 11. februar: Søråshøgda BGP/UGP.  Dei to neste var i Masfjorden lørdag og søndag under sjakkfestivalen 13.-15. februar. Terminliste. BGP/UGP samanlagt.

Sjakkdag på Lindås

Torsdag 4. desember hadde me sjakkdag i Lindås senter kl 15 - 20.00. Omlag 20 barn, unge og vaksne var innom på torget og spelte sjakk, 16 av dei spelte ei lynturnering over 6 runder - dei mest erfarne tok flest poeng og alle fekk premie.

Sjakk på biblioteket i Knarvik                                               Onsdag 3. desember var me på plass på biblioteket i Knarvik kl 19.00. 13 barn og vaksne fekk ei innføring i sjakk av Torkel og fleire av dei signaliserte at dei ønska sjakkurs i sitt nærområde.

Sjakklubb på Hundvin 29.11.14                                                                                  Nordhordland Sjakk hjelper til med å starta sjakklubb på Hundvin, dei vil m.a. leiga oss inn som instruktørar. Dei vil starta opp offisielt i januar 2015 - og vil informera og invitera nye medlemmer når dei eventuelt får kapasitet til fleire enn dei omlag 15 som har vist interesse i denne omgang.

KM for ungdom 2014 25.10.14
Kretsmeistrar i Hordaland 2014
A: Abdulla M. Muhsen, Bergens og Jonas H. Rasmussen, Bergens, C: Øyvind Andvik, Masfjorden, D: Amalie I. Merkesvik, Bergens E: Vetle Velle, Søråshøgda F: Nicholas Sunde, Søråshøgda og G: Karl Edvard Wallevik, Bergens.

Masfjorden BGP/UGP 4 18.10.14
Kjetil H. Andås, Afras Mansoor, Vetle Velle, Ariza Hina og Shjalg Næss vann kvar sin klasse i den fjerde og siste Masfjorden BGP 2014.
BGP/UGP 2014 samanlagt finn du her.
 

Masfjorden BGP/UGP 3 21.9.14
Masfjorden SKU arrangerte BGP/UGP-turnering på Sandnes skule søndag 21. september, resultatlister finn du her.

 

Norsk Sjakkblad nr 2 2014

Sjakken i Masfjorden får god omtale i Norsk Sjakkblad nr 2 2014, her er det alt frå historikk til siste nytt og nye planar. Det er sjølvsagt mykje som ikkje kjem med, m.a. sigrane i NM for jenter - uansett vil det viktigaste for oss vera breidde, at me får vist mange kor kjekk denne hobbyen er og har nytteverdi utover sjølve spelet. I tillegg er Sigve sin NM-tittel på Fagernes med bilde og eit av partia kommentert i denne utgåva.

Sjakkleir BGP/UGP 27. juni 2014, resultatlister finn du her. 

Fem fantastiske dagar med over all forventning snille barn og unge er over. Sjakkleiren var etter tilbakemeldingar me har fått ein stor suksess. Sjakk, fjelltur, bading og kanopadling var ein del av programmet. Me håper me kan få til liknande arrangement - dette var kjekt!

23.-27. juni 2014, info: Sjakkleir. Bilder frå sjakkleiren og BGP/UGP-turneringa finn du her. Påmeldte: Adrian, Erlend, Kjell Olav, Adina, Gabriela, Josefine, Dortea, Steinar, Ola, Tollev, Jens Chr., Øyvind, Vetle, Eskil, Henrik, Kasper, Jonas, Lennart, Magnus, Tina, Nicolas 

Kursavslutning på Ostereidet
Mandag 26. mai avslutta me kurset på Ostereidet med is, saft, kjeks og ei lynsjakkturnering. Eirik og Tollev delte førsteplassen med 6.5 av 7 poeng, dei andre som var med: Sylvelin, Johan, Ola, Lennart og Oliver - alle fekk medalje.

(Kurset i Knarvik vart avslutta torsdag 22. mai - utan turnering).

Kursavslutning på Lindås

Tirsdag 20. mai avslutta me det første kurset på Lindås med is, kjeks, saft og ei lynsjakkturnering. Birgitte sigra med 4.5 av 5 poeng med lillebror Erik på andreplass, dei andre som var med: Elias, Jonas, Adina, Kasper og Patrick - alle fekk medalje.

Masfjorden BGP/UGP 2  1.5.14, resultatlister her.

Sjåfør-/hobbyturnering - resultatlister her.

Fleire bilder finn du på heimesidene til Masfjorden SKU/SK.

 Knarvik senter Lynsjakk (2.4.14)
Torkel Kvinge Tande gjekk til topps i Knarvik Senter lynsjakk onsdag 2. april, med 7 av 7 poeng og gåvekort frå Knarvik senter i premie. Litt skuffande for arrangøren var det kun 8 spelarar som tok turen for å spela lynsjakk, den fine lyse vårkvelden får ta på seg litt skuld for dette. Resultatlister finn du via lenka i overskrifta.

Søråshøgda BGP/UGP 12.3.14

Søråshøgda BGP/UGP vart ein stor suksess med 54 deltakarar, dei fleste stilte i begynnerklassane. Resultatlistene finn du her. Frå Masfjorden SKU var det med 3 spelarar; Øyvind og Roy André i kadett og Ludvig i lilleputt. Du finn bilder m.m. hjå Bergens SKU.

Knarvik Senter BGP/UGP 22.2.14

26 spelarar fann vegen til Knarvik senter denne lørdagen. Klassevinnarane:

Ungdom: Jonas H. Rasmussen, Bergens SKU, Kadett: Krister Smelvær, Fana SKU, Lilleputt: Afras Mansoor: Søråshøgda SKU, Miniputt: Olav Brattetveit, Bergens SKU, Mikroputt: Karl E. Wallevik, Bergens SKU, Begynner: Ariza Hina, Søråshøgda SKU.

Resultatlister finn du her. Bilder frå turneringa finn du i her.

Knarvik Senter Hobbyturnering 22.2.14

8 spelarar i hobbyturneringa, dei tre beste: 1. Atle Smelvær 2. Bjarte Skårnes 3. Ludvig Kjeilen. Resultatlister finn du her.

Masfjorden Grand Prix 31.1.-2.2.14
Nordhordland Sjakk AS  i samarbeid med Masfjorden SKU/SK arrangerte NGP-turnering på Sandnes skule i Masfjorden. Masfjorden kommune, BKK og Sparebanken Vest sponsa turneringa.

Ratingfavoritt IM Kjetil Stokke, Bergens sigra i gruppe A med 4 av 5 poeng, dette ettter tap i siste runde mot Sondre Merkesvik - som med den skalpen kapra andreplassen. Hans J. Aadland, Fana sigra i gruppe B med 4 og i gruppe C Ole Petter Vimo, Masfjorden med 4.5 poeng.
Resultatlister finn du på turneringsservice her.

GM JON LUDVIG HAMMER
Masfjorden Grand Prix fekk besøk av GM Jon Ludvig Hammer lørdag 1. februar 2014. Han hadde foredrag om VM-kampen Anand-Carlsen og spelte klokkesimultan (18 - 4) lørdag kveld.

Hammer var GM Magnus Carlsen sin sekundant då han sigra mot regjerande meister GM Vishy Anand i november 2013. I desember og januar sigra Hammer i to sterke internasjonale turneringa - London Chess Classic og Rilton Cup.

Foredrag og simultan
GM Jon Ludvig Hammer hadde eit interessant og pedagogisk foredrag. VM-kampen "Anand - Carlsen" var utgangspunkt, han fortalte spesielt om det 3. partiet som han meinte var eit vendepunkt i kampen - eit parti der han og dei andre sekundantane hadde jobba med ei opning han sjølv har brukt med suksess. I klokkesimultan vart det 18 - 4 til Jon Ludvig, 4 stolte spelarar kan no sei at dei har slått den regjerande norgesmesteren.

Knarvik Senter lørdag 18.1.14

Nordhordland Sjakk AS hadde eit vellukka stand i Knarvik Senter, me fekk besøk av barn, unge og vaksne som spelte sjakk, kjøpte brett, klokker og litteratur, prata om engasjement og meldte seg på kurs. I tillegg var avisene Strilen og Nordhordland innom, dei tok bilder og intervjua både oss og barn, unge og vaksne som spelte på bretta me hadde stilt opp.

Nordhordland Sjakk AS vart stifta måndag 6.1.14.

Org. nr.: 913085388 (v/Odd Helge Birkestrand og Torkel Kvinge Tande)