7.7.13
Ein tidleg søndag morgon fekk eg lyst til å dela nokre tankar og inntrykk etter 8-9 flotte dagar med Landsturnering på Lillehammer. Me er heldige som har funne (dei fleste har hatt ei eldsjel eller forelder som instruktør) denne kjekke hobbyen, lærerike utfordringa og for nokre eit krevande yrke. Ein aktivitet som samler menneske i alle aldrer, som ikkje ser forskjell på kjønn og som famner folk med ulike fysiske og psykiske utfordringar. Ei turnering der verdas beste sjakkspelar rusler rundt og gleder seg over sine venner sitt spel, der far og mor blir minst like glade som den som speler når den håpefulle tar poeng, der du treff venner frå forrige gong du var på turnering, der du får nye venner. Der eg har hatt gleden av å få analysera gode og mindre gode parti med unge lovande talent, ein blind mann på rundt 80 og atter ein gong lært nye ting. Etter premieutdeling, køyreturen heim (i nydeleg vær og gjennom flott natur) og ei natt med god søvn, vakna eg tidleg full av energi og med eit smil rundt munnen. Brødbaksten står til heving, vaskemaskin og tørketrommel surrer og går. Ikkje verst at ein får so mykje energi av ein forholdsvis stillesittande hobby.
SJAKK ER FANTASTISK - SJAKK MÅ ME LÆRA VEKK TIL ALLE ME TREFF PÅ VÅR VEG Kul