Nordhordland Sjakk samarbeider med Masfjorden SKU, me arrangerer

turneringar saman med dei og låner utstyr når me har kurs.

Facebook: Masfjorden SKU - Masfjorden SK - Nordhordland Sjakk.

Masfjorden Grand Prix 17.-19. februar 2017

Turnering for barn, unge og vaksne som er medlem i NSF.

Informasjon og påmelding 

Masfjorden Grand Prix 2016
Masfjorden SKU/SK arrangerte tre turneringar for barn, unge og vaksne helga 19. - 21. februar. Du finn lenke til resultatlister her.

Masfjorden BGP 1 lørdag 20. februar.

Masfjorden BGP 2 søndag 21. februar.

Sjakkleir-BGP  søndag 28. juni
Sigve Hølleland (Ung) Masfjorden, Torbjørn K. Hystad (kad) Søråshøgda, Henrik Iversen (Lil) Søråshøgda, Bastian N. Magnussen (Min) Fana og Jonas B. Nilsen (Mik) Søråshøgda sigra i sine klasser på Sjakkleir-BGPpå Nordbygda skule.
 
SJAKKLEIR
 
torsdag 25. - søndag 28. juni 2015
Mange gode tilbakemeldingar etter sjakkleiren på Nordbygda skule, på programmet var det stort sett sjakk, anna leik/aktivitetar, måltider og soving. Leiren vart avslutta med BGP-turnering søndag 28. juni. 

NM for Jenter og Masfjorden GP 13.-15.2.15
Masfjorden SKU og Nordhordland Sjakk arrangerte NM for jenter 2015, samtidig arrangerte me GP-turnering - i tillegg var det 2 x BGP. Resultatlister og bilder: "NMJ, GP, BGP 2015".

Sjakkurs og trening

Her finn du meir informasjon; har du spørsmål - ta kontakt!

Sjakkdag på Lindås

Torsdag 4. desember hadde me sjakkdag i Lindås senter kl 15 - 20.00. Omlag 20 barn, unge og vaksne var innom på torget og spelte sjakk, 16 av dei spelte ei lynturnering over 6 runder - dei mest erfarne tok flest poeng og alle fekk premie.

Sjakk på biblioteket i Knarvik 

Onsdag 3. desember var me på plass på biblioteket i Knarvik kl 19.00. 13 barn og vaksne fekk ei innføring i sjakk av Torkel og fleire av dei signaliserte at dei ønska sjakkurs i sitt nærområde.

Sjakklubb på Hundvin 29.11.14

Nordhordland Sjakk hjelper til med å starta sjakklubb på Hundvin, dei vil m.a. leiga oss inn som instruktørar. Dei vil starta opp offisielt i januar 2015 - og vil informera og invitera nye medlemmer når dei eventuelt får kapasitet til fleire enn dei omlag 15 som har vist interesse i denne omgang.

Det som er i gang/under planlegging:

1) Kurs for barn, unge og vaksne. Les meir her.

2) Masfjorden Grand Prix 17.-19.2.17

3) Salg

Salg av diverse materiell; brett og brikker, klokker og litteratur.
Sjå lenka "Butikk" for meir informasjon.

4) Hjelpa til med å starta sjakklubbar i Nordhordland

Ungdomslaget Nybrot starter opp sjakklubb i januar 2015.

NB! Ta gjerne kontakt om du vil ha tips og hjelp!

5) I samarbeid med Masfjorden SKU og SK vil me bygga opp og utvida sjakktilbodet til vaksne, barn og unge i Masfjorden og Nordhordland.

Dei som vil ha tilsendt nyhetsbrev med informasjon om kurs, turneringar, sjakklubbar og materiell som kan kjøpast må senda ein e-post til oddhelgebirk@hotmail.com Merk emnefeltet "nyhetsbrev", skriv gjerne namn, alder og adresse så veit me litt om kvar me skal låna lokaler for å halda kurs Kul

Odd Helge Birkestrand, tlf.: 90501109 oddhelgebirk@hotmail.com

Utdanna adjunkt med hovedvekt på IKT, matematikk og engelsk.

Hobbysjakkspelar med turneringserfaring, leiar og trenar i Masfjorden SKU. I periodar som trenar i klubben har det vore stor aktivitet med høgt medlemstal, i tillegg har spelarar frå klubben vunne mange KM, 4 NM for jenter og eit NM for skulelag.

Har arrangert klubbturneringar, BGP/UGP-turneringar, KM for ungdom, NGP-turneringar, NM for skulelag og NM for jenter.

Er klubbdommar i sjakk, har hatt styreverv i USF (pr i dag varamedlem) og HBUS.

 

Torkel Kvinge Tande, tlf.: 97944121 torktan@hotmail.com

Økonomiutdanning i Molde, eit år på sjakklinja ved NTG-Bærum.

Hobbyspelar med turneringserfaring, leiar i HBUS, har hatt styreverv i MSK.

Er klubbdommar i sjakk, arrangert turneringar og hatt kurs for barn og unge.

Nordhordland Sjakk AS vart stifta måndag 6.1.14.

v/Odd Helge Birkestrand og Torkel Kvinge Tande

Postadresse:

Odd Helge Birkestrand

Austfjordvegen 2651 D, 5981 Masfjordnes

Kontonr.: 3632 58 84392     Org. nr.: 913085388